A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Førde HF i Førde søkjer assisterande seksjonsleiar til Sunnfjordseksjonen. Ein skal støtte seksjonsleiaren i dagleg drift og bidra til å møte aukande krav i ein kompleks arbeidskvardag.
Stillinga innebær samarbeid med kompetanse og bemanning, samt stabsfunksjonar innan logistikk. Tilsette, nytilsette, studentar og vikarar skal få god oppfølging i eit inkluderande, trygt arbeidsmiljø.
Prehospital avdeling søkjer assisterande seksjonsleiar. Oppstart 01.01.2027
Stillinga er organisert i seksjon Sunnfjord og rapporterer til seksjonsleiar. Assisterande seksjonsleiar skal støtte seksjonsleiar i den daglege drifta og bidra til å møte dei aukande krava i ein kompleks og variert leiarkvardag.
Assisterande seksjonsleiar medverkar til effektiv arbeidsflyt og samhandling på tvers av avdelinga, seksjonane og linjeorganisasjonen. Stillinga omfattar samarbeid med fagområda kompetanse og bemanning, samt stabsfunksjonar innan logistikk. Arbeidsoppgåvene kan endre seg basert på erfaringar med den ny organisasjonsstruktur.
Som assisterande seksjonsleiar er du ein sentral del av leiinga i seksjonen og skal bidra til samanheng, stabil drift og god oppfølging av medarbeidarar og operativ verksemd.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.