A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ambulanseområde Sunnfjord i Helse Førde søker assisterande seksjonsleiar som skal støtte seksjonsleiar i daglig drift og møte aukande krav i ei kompleks leiarkvardag.
Du vil vere ein sentral del av leiinga i seksjonen, med ansvar for planlegging, personaloppfølging, og utvikling av eit godt arbeidsmiljø i tett samhandling med fagmiljøa og stabsfunksjonar.
Prehospital avdeling søkjer assisterande seksjonsleiar. Oppstart 01.01.2027
Stillinga er organisert i seksjon Sunnfjord og rapporterer til seksjonsleiar. Assisterande seksjonsleiar skal støtte seksjonsleiar i den daglege drifta og bidra til å møte dei aukande krava i ein kompleks og variert leiarkvardag.
Assisterande seksjonsleiar medverkar til effektiv arbeidsflyt og samhandling på tvers av avdelinga, seksjonane og linjeorganisasjonen. Stillinga omfattar samarbeid med fagområda kompetanse og bemanning, samt stabsfunksjonar innan logistikk. Arbeidsoppgåvene kan endre seg basert på erfaringar med den ny organisasjonsstruktur.
Som assisterande seksjonsleiar er du ein sentral del av leiinga i seksjonen og skal bidra til samanheng, stabil drift og god oppfølging av medarbeidarar og operativ verksemd.
John Andor Ellingsund,Seksjonsleiar,415 30 506, john.andor.ellingsund@helse-forde.no
Leif Otto Halland,Kst avdelingssjef – prehospital avdeling,415 30 504, leif.otto.halland@helse-forde.no
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5199521720
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innenfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.