A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS-vikar i perioden 21.06.2027-15.08.2027. Legar med LIS1/ LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og vurderast for vikariatet.
Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk og laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi tilbyr ei utviklingsorientert arbeidsplass med gode arbeidsforhold og høg fagleg standard.
Legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet.
Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi har òg fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS-vikar i perioden 21.06.2027-15.08.2027
Legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet.
Om seksjonen
Legane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar.
Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi har òg fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Elin Seim,Seksjonsleiar,(+47) 476 20 880
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5206816291
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027
Seksjonsleiar
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.