A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Fonna HF i Haugesund søker ein smittevernsjukepleiar til avdeling for smittevern. Du blir ein del av eit engasjert team som arbeider på sjukehusa i Stord, Odda og Haugesund, og du vil bidra til infeksjonsførebygging og forsking knytt til smittevern.
Stillinga krev norsk autorisasjon som sjukepleier, god digital kompetanse og sterke norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Det blir lagt vekt på eigeninitativ, samarbeid og fagleg utvikling.
Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar?
Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og videreutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar.
Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund. Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund.
Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Du må ha:
Det er ønskeleg at du har:
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kirsti Hermstad,Funksjonsleiar,+47 97578088
Karmsundgata 120
5528Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5201250082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026