Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Avdeling for smittevern i Haugesund søker smittevernsjukepleiar som vil vere ein viktig støttespelar for leiing og tilsette. Arbeidsstaden er Haugesund og teamet består av fagfolk som arbeider tett med helseføretaka og avdelingar. Tilsett vil bidra til infeksjonsførebygging, overvaking og undervisning.
Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleier, god digital kompetanse og gode norskkunnskapar. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, vidareutvikling og moglegheit for kurs innan fagfeltet.
Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar?
Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar.
Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund. Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund.
Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Du må ha:
Det er ønskeleg at du har:
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Du må ha:
Det er ønskeleg at du har:
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kirsti Hermstad,Funksjonsleiar,+47 97578088
Karmsundgata 120
5528Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5201250082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026
Funksjonsleiar
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.