Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Fonna HF i Haugesund søker ei autorisert sjukepleiar til eit vikariat i Hemato/endo/infeksjon ved ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar og tre fagfelt. Stillingsprosent 62,5 % natt.
Her blir det moglegheit til stor fagleg og personleg utvikling og delta i bygginga av ei ny sengepost for kreft- og blodsjukdomar frå april/mai 2027. Arbeidsoppgåver inkluderer sårstell, antibiotikabehandling, kateterisering og oppfølging av pasientar, samt tverrfagleg samarbeid og undervisning.
Vil du jobba på ei spennande og variert avdeling saman med energiske og flotte kollegaer? Me har no ledig eit vikariat på 62,5 % natt.
Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som omfattar tre fagfelt. Du vil jobba innanfor alle områda, og her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling.
I løpet av april/mai 2027 skal avdelinga delast, og det blir etablert ei eiga sengepost for kreft- og blodsjukdomar. Den som blir tilsett i dette vikariatet, vil få moglegheit til å vere med på denne utviklinga og bli ein del av det nye fagmiljøet. Dette gir ei unik moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei ny sengepost og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod for pasientgruppa.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5203107380
Stillingsprosent: 62,5%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 16.11.2026