A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker sjukepleiar/vernepleiar til Avrusning, Ålesund behandlingssenter. Stillinga er 90% fast med 2-delt vaktturnus og kvar fjerde helg. Seksjonen har 14 døgnplassar og eit tverrfagleg fagmiljø.
Vi søkjer deg som kan bidra i medikamenthandtering, koordinere individuell oppfølging og vere aktiv i miljøterapeutiske aktivitetar. Sjå gjerne etter fleire uppgåver i eit inkluderande arbeidsmiljø i Avrusningsteamet.
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! Vi har ledig ei 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning ved Avrusning, Ålesund behandlingssenter. Oppstart etter avtale. Stillinga innebærer f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helger (hinkehelger) pr år. Seksjonen tilbyr både planlagte og rusakutte innleggingar og har 14 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar. Vi håper du vil bli en del av vårt engasjerte team og gode arbeidsmiljø.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Astrid Birgitte Aakernes
Seksjonsleiar
Telefon: +47 70171389
E-post: Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no
Line Olaisen
Teamkoordinator
Telefon: 70171334
E-post: Line.Olaisen@helse-mr.no
Adresse: Vestmoa 27, 6018 Ålesund, Norge
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal