A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ålesund behandlingssenter, Avrusning, søker sjukepleiar/vernepleiar i ein 90% fast stilling. Tilsetting etter avtale, med f.t. 2-delt vaktturnus og kvar fjerdem helg, inkludert to ekstra helger pr år.
Seksjonen har 14 døgnplassar og eit tverrfagleg miljø med psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar. Arbeidsoppgåver inkluderer medikamenthandtering og tett samarbeid med det tverrfaglege teamet. Attestar og vitnemål bør lastast opp ved CV.
Vi har ledig ei 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med videreutdanning ved Avrusning, Ålesund behandlingssenter. Oppstart etter avtale.
Stillinga innebærer f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helger (hinkehelger) pr år. Seksjonen tilbyr både planlagte og rusakutte innleggingarog har 14 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg oginkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunnutgreva… etc.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal