A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal søkjer ferievikarer som anestesisjukepleiar ved Ålesund sjukehus i perioden 04.01.2027–31.12.2027. Vikariata er knytte til ferieavvikling og prosjekt i seksjonen.
Stillingane er 75 % og rettar seg mot hovudoperasjon og dagkirurgi. Arbeidet gir varierte oppgåver og moglegheiter for fagleg utvikling i eit aktivt miljø. Vi legg vekt på samarbeid og eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig to ferievikariat i 75 % stilling som anestesisjukepleiar i perioda 04.01.2027–31.12.2027. Vikariata er knytte til ferieavvikling, sjukefråvær og ulike prosjekt i seksjonen.
Stillingane vil vere tilknytte både Hovudoperasjon og Dagkirurgen. Seksjonen har eit breitt fagleg spekter innan urologi, gastroenterologi, endokrin kirurgi, kar- og thoraxkirurgi, øyre-nase-hals, kjevekirurgi, ortopedi og gynekologi. Vi er ikkje seksjonerte, noko som gir varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi deltek i stans-, traume-, MET- og barneteam, og leverer anestesitenester ved mellom anna ECT, gastroseksjonen og MR. Samstundes er vi i gang med planlegginga av ei heilt ny operasjonsavdeling ved Klinikk Ålesund, noko som gir spennande moglegheiter for utvikling og medverknad.
For å sikre effektiv drift og høg fagleg kvalitet bemannar vi operasjonsstuene med 1,5 anestesisjukepleiar per operasjonsstove.
Vikariata er dagstillingar med fri alle helgar og heilagdagar. Det kan vere aktuelt å kombinere stillinga med helgestilling i andre seksjonar for å auke stillingsprosenten.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal