Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ål kommune søkjer sjukepleiar ved sjukeheim / Helsesenteret for å ta initiativ, vere med å utvikle gode helse- og omsorgstenester og bidra til eit godt fagmiljø. Du vil bruke breidda i sjukepleiarfaget i møte med pasientar med varierte behov, og vere med på rettleiing av studentar, elevar og medarbeidarar.
God norskkompetanse og evne til å motivere er viktig. Stillinga inkluderer tilrettelagt arbeid, ulike turnusar og god opplæring.
Søkjer du faglege utfordringar, er trygg i kliniske vurderingar og ønskjer å jobbe tverrfagleg?
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og ønskjer å vere med å utvikle gode helse- og omsorgstenester?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel,samarbeidsvillig og har evne til nytenking?
Ønskjer du å bruke breidda i sjukepleiarfaget i møte med pasienter med varierte og samansatte behov?
Då vil me ha deg med i laget - anten du har erfaring eller du er nyutdanna - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.
Vi ynskjer å jobbe med deg som:
Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt
Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, 12,6 årsverk og har god fagdekning. Avdeling Stugu er ei sjukeheimsavdeling som tilbyr langtidsopphald til pasientar med demensdiagnose og generelle geriatriske problemstillingar. Avdelinga har 33 plassar og 32 årsverk.
Det blir lagt stor vekt på tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for bebuarane. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfagleg samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen. Gjennom TØRN, jobbar vi systematisk med å få på plass fag- og sjukepleiarteam, ny oppgåvedeling og nye arbeidstidsordningar,
Stilling: Avdelingsleiar - Langtidsavdeling (Stugu)