Engasjert sjukepleiar søkjast til 100 % stilling ved institusjon
Gol Helsetun er eit sjukeheim med 32 plassar fordelte på korttids-, rehabiliterings- og langtidsopphald, inkludert eiga avdeling for personar med demens. Hos oss møter du engasjerte og dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje eller fjerde helg med langvakter.
Vi har eit tett tverrfagleg samarbeid med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helse for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp. Personsentrert omsorg er grunnlaget for arbeidet vårt, og vi legg stor vekt på å møte kvar enkelt pasient med respekt, verdigheit og medverknad.
Som ein del av utviklingsarbeidet ved Gol Helsetun arbeider vi med å etablere sjukepleiarteam for å styrkje den faglege kvaliteten, sikre god oppfølging av pasientane og vidareutvikle eit robust fagmiljø. Sjukepleiarar ved Gol Helsetun kan òg inngå i ordninga med støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta. Dette gir spennande faglege utfordringar og bidreg til auka kompetanse og samhandling på tvers av tenestene.
Frå 1. januar 2027 tek vi i bruk 10 nyoppussa korttidsplassar. Dette vil styrkje tilbodet vårt ytterlegare og bidra til vidare utvikling av tenestene ved Gol Helsetun.
Arbeidsoppgåver
- ansvar for sjukepleiefaglege observasjonar, vurderingar, tiltak og oppfølging av pasientar
- bidra til å sikre fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, retningslinjer og kvalitetskrav
- samarbeide tett med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar for å ivareta heilskaplege pasientforløp
- vere ein aktiv bidragsytar til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø
- bidra til godt tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenesteområde.
- delta i opplæring, rettleiing og fagleg støtte til kollegaer, studentar og lærlingar.
- delta i utviklinga av sjukepleiarteam ved Gol Helsetun
- for sjukepleiarar er det mogleg å inngå i ei frivillig ordning som støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som sjukepleiar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum nivå B1
- erfaring frå arbeid med eldre, demens, psykisk helse, palliasjon eller velferdsteknologi er ønskjeleg, men nyutdanna blir òg oppmoda til å søkje.
- god digital kompetanse og interesse for bruk av teknologi som bidreg til kvalitet og utvikling i tenestene.
Personlege eigenskapar
- du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- du arbeider sjølvstendig, er strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver
- du er fleksibel og evnar å handtere ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag
- du trivst i eit arbeidsmiljø i utvikling og viser vilje til omstilling og forbetringsarbeid
- du har fagleg engasjement, er utviklingsorientert og blir motivert av nye utfordringar
- du bidreg aktivt til kunnskapsdeling, samarbeid og kvalitetsutvikling
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med god opplæring, tett oppfølging og fagleg rettleiing
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og videreutvikle tenestene våre
- gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, kompetanseheving og relevant hospitering
- deltaking i faglege forum og tverrfaglege samarbeidsarenaer
- støtte til relevant vidare- og etterutdanning
- konkurransedyktige lønsvilkår, inkludert eit rekrutterings- og behaldertillegg på kr 30 000 per år ved 100 % stilling
- moglegheit til å arbeide med eit breitt spekter av pasientgrupper med ulike diagnosar, funksjonsnivå og behandlingsbehov
- turnusordning med arbeid kvar tredje eller fjerde helg
- moglegheit til å delta i ordninga som støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta
- ein arbeidsplass i utvikling, med satsing på personsentrert omsorg, fagutvikling, sjukepleiarteam og velferdsteknologi
- eit godt og engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer og høg kompetanse
- flotte naturopplevingar rett utanfor døra, med gode moglegheiter for friluftsliv, turar, sykling, ski og andre aktivitetar året rundt
For stillinga gjeld
- tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk
- pensjonsordning i KLP
- arbeid på dag og kveld
- gratis trening på treningssenter
Anna
Gyldig politiattest må leggjast fram. Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist: 30.11.26
Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande.
Velkomen som søkjar til Gol Helsetun – vi gler oss til å høyre frå deg!
Sjukepleiar ved sjukeheim / Helsesenteret