A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjaler kommune søker sjukepleiar til ei 80 % fast nattevaktstilling ved Fjaler sjukeheim. Du arbeider i team på natt, skiftar mellom institusjon og heimetenesta og møter varierte oppgåver gjennom eit årsturnus på 52 veker. Tiltaket legg vekt på kompetanse og utvikling i eit fagleg fellesskap.
Den som vert tilsett må ha autorisasjon som sjukepleiar og kjøreforhald, samt kunne møte politiattest og godkjende MRSA-/ tuberkulinattest. Vi tilbyr introduksjon, fadderordning og eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig ei 80 % fast nattevaktstilling for sjukepleiar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver og blir ein del av eit fagleg fellesskap på tvers av heimetenesta og sjukeheimen.
Som sjukepleiar på natt arbeider du i team saman med to kollegaer. Du vekslar mellom arbeid på institusjon og i heimetenesta. Dette gir deg varierte arbeidsoppgåver og erfaring frå begge tenesteområda.
Du arbeider etter ein årsturnus over 52 veker med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er kl. 22.00–07.15.
Helse- og omsorgstenestene i Fjaler kommune er i utvikling for å møte framtidas behov. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med spennande faglege oppgåver og vere ein del av eit miljø som legg vekt på kompetanse og utvikling. Vi har etablert ressursgrupper på tvers av einingane innan mellom anna lindrande behandling og kreft, velferdsteknologi og demens. Her får du høve til fagleg utvikling, kompetansedeling og samarbeid med kollegaer på tvers av tenestene.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
Det blir lagt vekt på personleg eignaheit.
Bli kjend med moglegheitene i regionen, og korleis du kan bu, jobbe og leve eit godt liv her. Sjekk ut nettsidene regionsunnfjord.no og nytta.no .
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet eroffentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.