A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Fonna søker ein sjukepleiar til Akuttpost Valen for natteteneste og akutt pasientomsorg. Du vil gi medisinsk og miljøterapeutisk behandling i eit travelt, tverrfagleg miljø og bidra til trygg og god pleie.
Du må ha norsk autorisasjon og gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Arbeidet vert utført ved Akuttposten på Valen sjukehus i eit miljø som vektlegg kompetanse og samarbeid.
På Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.
Akuttposten på Valen sjukehus kan tilby pasientane lysregulert behandling, med lys- og mørketarpi. Vi har også eit tilbod vi kallar for "Krisepakke", som er spesielt tilpassa pasientar i akutt krise.
Syns du dette verkar interessant og du har flere spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt med oss.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.