A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund sjukehus søkjer ein engasjert sjukepleiar til 80% vikariat frå 01.02.2027 til 13.02.2028. Arbeidet gir meiningsfulle utfordringar med barn og familiar i fokus.
Du vil arbeide i turnus med dag-, kveld- og nattevakter, og få rettleiing av erfarne kollegaer. Gode kommunikasjonsferdigheiter er viktig, og norsk autorisasjon som sjukepleiar er nødvendig.
Og vil du vere med og gjere ein forskjell - kvar einaste dag?Då må du bli ein del av vårt engasjerte team ved barne- og ungdomsavdelinga.
Vi søkjer en engasjert og fagleg sterk sjukepleiar til 80% vikariat fra 01.02.2027 til 13.02.2028. Her får du ein meiningsfull arbeidskvardag med små pasientar og store augeblikk.
Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund sjukehus tilbyr medisinsk og kirurgisk behandling for barn og ungdom fra 0 til 18 år. Vi legg stor vekt på heilskapleg omsorg, tverrfagleg samarbeid og eit varmt møte med pasientar og familiar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse, og eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, openheit og humor.
Arbeidet går føre seg i turnus med dag-, kveld-, og nattevakter, og gir deg varierte og utfordrande oppgåver innan både akutt og planlagd behandling. Herfår du høve til å bruke både fagkunnskap og omsorgsevne og delta i vidareutvikling av eit kompetent og framtidsretta fagmiljø.
Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både utfordrande og meiningsfull - og full av små augeblikk som gjer ein stor forskjell.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagde
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.