A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Fonna i Odda søker sjukepleiar til ein variert kvardag i ein tverrfaglig avdeling. Du vil vere med på pre- og postoperativ sjukepleie, dokumentere behandlingsplanar og delta i godt samarbeid med lege og fysioterapeutar.
Vi tilbyr god opplæring, bustadstøtte og moglegheit for fagleg utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø, med naturen rett utanfor døra.
Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!
Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg?
Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utenfor døra.
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no . Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna .
Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.