Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Akuttpost Valen ved Valen sjukehus søker sjukepleiarar til døgnpost med natteteneste. Stillingen krev norsk autorisasjon, og evne til å gi medisinsk og miljøterapeutisk behandling i ein tverrfagleg avdeling.
Arbeidet skjer i eit rolegt, men travelt miljø med fokus på pasientsikkerheit og godt arbeidsmiljø. Tilsette nyttast i turnus, og lønn følger gjeldande overeinskomst.
På Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.
Akuttposten på Valen sjukehus kan tilby pasientane lysregulert behandling, med lys- og mørketarpi. Vi har også eit tilbod vi kallar for “Krisepakke”, som er spesielt tilpassa pasientar i akutt krise.
Syns du dette verkar interessant og du har flere spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt med oss. Er dette jobben for deg?
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hos oss er det viktig at du
Merete Gravdal, Funksjonsleiar, 53466474
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN
Funksjonsleiar
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.