Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Fonna søker sjukepleiar til gynekologisk eining i Haugesund. Stillinga gir ei variert arbeidskvardag med eit breitt spekter av pasientgrupper og oppgåver, inkludert pre- og postoperativ pleie og tett samarbeid i tverrfaglege team.
God arbeidskultur og inkludering står i fokus, og norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav. Erfaring frå sjukehus og kunnskap om gynekologiske pasientar er ei fordel.
Vil du bli ein del av vårt gode fagmiljø?
Hos oss jobbar det allereie mange dyktige, rause og engasjerte kollegaer, og no ønskjer vi deg med på laget!
Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.