Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Helse Fonna HF i Odda søker sjukepleiarar til eit vikariat prega av godt fellesskap og variert kvardag. Avdelinga har 9 sengeplassar og eit tverrfagleg miljø med nært samarbeid mellom legar og fysioterapeutar.
Vi tilbyr bustadhjelp og mogleg nedskriving av studielån etter at du har budd eit år. Startdato 16.11.2026, sluttdato 22.08.2027, og søknadsfrist 14.10.2026.
Vikariat, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!
Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg!
Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utenfor døra.
Hos oss er det viktig at du:
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Andreas Jacobsen,Funksjonsleiar,40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no
Kristin Espe Jensson,Fagutviklingssykepleier,53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 10
5750ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5187713634
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no . Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna .
Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.