An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Helse Fonna i Odda søker engasjert sjukepleiar til ein vikariatsstilling i eit tverrfagleg miljø. Du vil gjere sjukepleieoppgåver, gje pre- og postoperativ omsorg og dokumentere gjennom behandlingsplanar og evalueringar.
Du samarbeider tett med legar, fysioterapeutar og kommunehelsetenesta, og får ansvar for utskrivingskoordinasjon. Vi tilbyder god opplæring, variert arbeidskvardag og støttande kollegialt miljø, samt bustadtilbod og mogeleg nedskriving av studielån etter eit år busetting.
Vikariat, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!
Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg!
Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
Tilrettelagt turnus – vi undersøker muligheten for langvakter, vi har i tillegg ønsketurnus
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no . Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna .
Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.