Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Helse Stavanger i Haugesund søker sjukepleiar for ein variert, fagleg utviklande rolle. Arbeidet skjer på fleire avdelingar og klinikkar, med ei årsarbeidsplan, faste fagdagar i turnusen og eit fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner i året i heiltid.
Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og grunnleggande IT-kunnskap for å støtte pasientar og kollegaer over fleire avdelingar.
Du treng ikkje velje éi avdeling for å få fast jobb hos oss.
Ved Bemanningssenteret i Haugesund får du jobbe på fleire avdelingar og klinikkar. Du får bruke sjukepleiefaget på ulike måtar, møte mange pasientgrupper og bli kjent med fleire gode kollegaer.
Dette er ein jobb for deg som likar variasjon, vil utvikle deg fagleg og ønskjer ein fast jobb med god oversikt over når du skal jobbe. Du får årsarbeidsplan, faste fagdagar i turnusen og fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner i året i full stilling.
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Hos oss passar du god om du:
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har lyst til å lære, trivst med variasjon og ønskjer å bruke sjukepleiefaget på fleire måtar.
Dette er ein god jobb for deg som vil utvikle deg som sjukepleiar, men ikkje ønskjer å låse deg til eitt fagområde med ein gong.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.