Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Tysnes kommune har ledig ei 100 % stilling som sjukepleiar ved Tysnes omsorgssenter. Vi jobbar i årsturnus med to-delte vakter og i snitt arbeid kvar 3. helg. Stillinga er foreløpig knytt til avdeling Såto og Nuten, og tilsette må kunne arbeide i alle avdelingar etter behov.
Omsorgssenteret ligg i lyse og moderne lokale frå 2017, med 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAd-plassar og dagsenter for demens. Heimetenesta held til i same bygg.
Tysnes kommune har ledig ei 100 % stilling som sjukepleiar ved Tysnes omsorgssenter. Vi jobbar i årsturnus med to-delte vakter og i snitt arbeid kvar 3.helg. Stillinga er for tida knytt til avdeling Såto og Nuten - den som blir tilsett må pårekne å arbeide i alle avdelingar etter behov.
Tysnes omsorgssenter held til i lyse og moderne lokale i eit bygg frå 2017. Omsorgssenteret har 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAd-plassar og eit dagsenter for personar med demens. Heimetenesta held til i same bygg.
Vårt mål er å gi tenester av høg kvalitet og profesjonalitet. God pasientomsorg blir skapt når man har fokus og kvalitet på tenesta. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og set pris på humor og godt kollegaskap.
Ved ei eventuell tilsetting må du legga fram:
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gi gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur vi du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil og oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Medlemskap i KLP føl med tilsetting. Det betyr at du får blant ei av dei beste pensjonsordningane i Norge og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utenfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptatt av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.