Hebe dich für diese Rolle von der Masse ab — erstelle in etwa einer Minute einen maßgeschneiderten Lebenslauf und ein Anschreiben.
Tysnes kommune søker tilkallingsvikarar til barnehagane våre. Du må kunne møte opp på kort varsel og vere villig til å arbeide med alle barnegruppene i alderen 0–6 år.
Tilkallingsavtalen er fleksibel og knytt til behovet, og du blir dekt av kommunale pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsgivar har rett til å inngå tilsvarande avtale med andre ved behov.
Vi har behov for tilkallingsvikarar i barnehagane våre. Her kan du søka om å være ringevikar.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode.
Vi søker deg som:
Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:
Avtale som tilkallingshjelp betyr at Tysnes kommune tek kontakt med arbeidstakar ved behov for midlertidig tilsetting, jf. AML § 14-9.
Det er kommunen sitt behov som er utgangspunktet for førespurnaden til arbeidstakaren. Avtalen inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i kommunen. Arbeidsgivar har rett til å inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre, og kommunen står fritt i val av arbeidstakar i det einskilde høve.
Tilkallingsavtalen er saman med arbeidsplan/vaktliste ein godkjent arbeidsavtale, og Tysnes kommune har arbeidsgivaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens sine pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til dokumentasjon:
For dei fleste stillingar i barnehagen er det krav om politiattest jf. barnehagelova. Tilfredsstillande politiattest skal vere levert før start i stilling. Arbeidsgivar må skriftleg stadfeste behov for politiattest, før ein kan søke om dette. Det kan vere behandlingstid hos politiet.
Dei som vert tilsett kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve.
Ønske om unntak fra den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utenfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innen helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.