Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Tysnes kommune søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til 100% fast stilling knytt til avdeling Fjorden og dagsenteret. Arbeidstida er for tida dag/kveld med kvar tredje helg, og stillinga kan inne vere knytt til andre avdelingar ved behov.
Helse- og omsorgstenesta, inkludert heimesjukepleie, held til i eit nyare bygg frå 2017. Løns- og rekneskapsrutinar følgjer kommunale regulativ og avdeling under generelle forhandlingar. Tilsetting krev politiattest og eigen erklæring for MRSA og tuberkulose.
Vi søker etter ein engasjert og motivert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling, arbeidstid for tida på dag/kveld med arbeid i snitt kvar 3.helg. Stillinga er for tida knytt til avdeling Fjorden og dagsenteret. Den som blir tilsett må pårekne å arbeide i alle avdelingar etter behov.
Tysnes omsorgssenter held til i lyse og moderne lokale i eit bygg frå 2017. Omsorgssenteret har 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAd-plassar og eit dagsenter for personar med demens. Heimetenesta held til i same bygg.
Vårt mål er å gi tenester av høg kvalitet og profesjonalitet. God pasientomsorg blir skapt når man ar fokus og kvalitet på tenesta. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og set pris på humor og godt kollegaskap.
Vi har meiningsfulle arbeidsoppgåver som gir verdifull erfaring. Synes du dette høyres spennande ut og ønsker ein jobb der kompetansen din betyr mykje, så er du velkommen til å søke hos oss.
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider.
Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt fra og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Ønske om unntak fra den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald fra arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Linda Nordtveit Fagerbakk
Avdelingsleiar 1. høgda avd. Fjorden og dagsenter
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utenfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptatt av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.