Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter

Helga Nilsen Boland

Tysnes

On-site

NOK 59,000 - 88,000

Part time

5 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Stipendordning
KLP pensjonsordning

Job summary

Tysnes kommune leitar etter helsefagarbeidarar til helgestillingar med 12,21 % – 18,31 % stilling. Stillingane er i to-delt turnus med dag- og kveldsvakter, og kvar tredje helg, med moglegheit for å jobbe annan helg om ønskje.

Vi krev god norsk, grunnleggande datakunnskap, og politiattest ved tilsetjing. Søkjarar utan formell kompetanse kan vurderast ut frå personlege eigenskapar og erfaring.

Qualifications

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Gode grunnleggjande datakunnapar.

Responsibilities

  • Assistere bebuarane i det daglege og støtte dei i eigenomsorg, i tråd med planlagde tiltak.
  • Følgje opp individuelle målsetingar og tiltak for kvar enkelt bebuar.
  • Utføre oppgåver i tråd med opplæring og skriftlege prosedyrar.
  • Journalføre og bidra til utarbeiding og oppdatering av pleieplanar.
  • Medverke til utvikling og kvalitetsforbetring på arbeidsplassen.

Skills

Norskkunnskap
Samarbeidsevner
Kommunikasjonsferdigheter
Initiativ/ sjølvstende

Education

Helsefaglig utdanning (sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar)
Studentar i relevante studieforløp

Job description

Er du på jakt etter ei utfordrande og givande helgestilling? Vi treng fleire dyktige medarbeidarar på laget vårt.

Vi har for tida to ledige helgestillingar i 12,21 % – 18,31 %, og ser etter deg som er positiv, engasjert og har lyst til å bruke helgene dine på å gjere ein forskjell for andre. Stillingane inneber i to-delt turnus, med både dag- og kveldsvakter. Du arbeider i snitt kvar tredje helg, men dersom du ønsker det kan det vere mogleg å jobbe annan helg.

Tysnes omsorgssenter held til i fine og moderne lokale, i eit nybygg som stod ferdig i 2017. Senteret har 30 institusjonsplassar, i tillegg til plassar for korttidsopphald, rehabilitering og eit dagsenter tilrettelagt for personar med demens. Vi har òg ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt tilbod om augeblikkeleg helsehjelp – eit alternativ til innlegging på sjukehus.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg oppdatert miljø der personsentrert omsorg står i sentrum. Vi arbeider målretta med å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for bebuarane våre. Vi er oppteken av pasientnært arbeid, og moderne velferdsteknologi er eit av hjelpemidla som gir oss meir kvalitetstid med bebuarane våre.

For å søkje må du ha fylt 18 år.

Arbeidsoppgåver
  • Assistere bebuarane i det daglege og støtte dei i eigenomsorg, i tråd med planlagde tiltak.
  • Følge opp individuelle målsetjingar og tiltak for kvar enkelt bebuar.
  • Utføre spesifikke oppgåver i tråd med opplæring og skriftlege prosedyrar.
  • Journalføre og bidra til utarbeiding og oppdatering av pleieplanar.
  • Medverke til utvikling og kvalitetsforbetring på arbeidsplassen.

Den som blir tilsett vil utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter medarbeidarar med helsefagleg utdanning:

  • Sjukepleiar.
  • Vernepleiar.
  • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
  • Studentar innan relevante studieforløp (helsefagarbeid, vernepleie, sjukepleie).

Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.

Krav til stillinga:

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Gode grunnlegande datakunnskapar.

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Erfaring og kjennskap med brukargruppa er ein fordel

Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er sjølvstendig og strukturert i arbeidskvardagen.
  • Tek intiativ, er positiv og skapar tillit i møte med andre.
  • Handterer utfordringar på ein løysingsorientert måte.
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø.
  • Har gode kommunikasjonsevner.

Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.

Kvifor skal du jobba hos oss?

Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gi gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur vi du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Vi tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordra deg sjølv, utvikla kompetansen din og bidra til å gjera ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du vil oppleva eit trygt og støttande arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.

  • Er du student og vil skaffe deg verdifull arbeidserfaring medan du studerer, samtidig som du får ei ekstra inntekt? Då kan studentavtalen med Tysnes kommune vere perfekt for deg!
  • Vi har ei stipendordning som kan gi deg ekstra støtte i studietida.
  • I tillegg har vi ein eigen lønsstige for deg som er student innan eit område som er relevant for stillinga. Innan helse gjeld det f.eks. sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi-, eller medisintudentar. Denne er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eit år av studiet.
  • Vi tilbyr gode pensjonsordninger gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.
Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak fra den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Veoppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Helsesjukepleiar med fagansvar
Helsesjukepleiar med fagansvar

Ingvild Aslaksen Hustad • Uggdalseidet

On-site
NOK 580,000 - 720,000
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter

DeepOcean • Tysnes

On-site
NOK 344,000 - 386,000
Pensjonsordning gjennom KLP
Studentlønnsløp og stipendordning
Tilkallingsvikar barnehage
Tilkallingsvikar barnehage

Wenche Fagerbakk • Uggdalseidet

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Faste stillinger som sykepleier ved hjemmesykepleien Brønnøysund
Faste stillinger som sykepleier ved hjemmesykepleien Brønnøysund

Brønnøy kommune • Brønnøysund

On-site
NOK 620,000 - 820,000
Lønn iht tariff
Veiledertillegg
Naturskjønne omgivelser
Helsefagarbeider ved Brønnøy sykehjem - i turnus med lange vakter
Helsefagarbeider ved Brønnøy sykehjem - i turnus med lange vakter

pleiemedhjelper • Brønnøysund

On-site
NOK 480,000 - 540,000
Rekruttere- og beholdetillegg
Varierte arbeidsoppgaver
Digitale verktøy og IMATIS
Tilkallingsvikarer – Trøgstadheimen og Kirkegata omsorgsboliger
Tilkallingsvikarer – Trøgstadheimen og Kirkegata omsorgsboliger

Sissel Storløkken • Skjønhaug

On-site
NOK 275,520 - 344,400
Gode pensjonsordninger
Inkluderende arbeidsmiljø
Mulighet for personlig utvikling
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester
Tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimebaserte tenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønnstyrtar tariff (lokal heft)
Helsefagarbeidere ved hjemmesykepleien Brønnøysund
Helsefagarbeidere ved hjemmesykepleien Brønnøysund

Brønnøy kommune • Brønnøysund

On-site
NOK 480,000 - 620,000
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester
Tilkallingsvikar: Helsetun og Heimetenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Vi har behov for vikarer i flere tjenesteområder
Vi har behov for vikarer i flere tjenesteområder

Søndre Land kommune Mestring og velferd • Hov

On-site
NOK 344,000 - 468,000
Top locations