Helsesjukepleiar med fagansvar

Ingvild Aslaksen Hustad

Uggdalseidet

On-site

NOK 580,000 - 720,000

Full time

13 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Tysnes kommune søkjer etter ein engasjert helsesjukepleiar til å vere ein del av ei styrka fagleg eining som arbeider med helsefremmande og førebyggande tenester for barn og familiar i kommunen.

Du vil arbeide i eit fagleg sterkt team, med fokus på tidleg innsats, kvalitet og koordinering av tenesta. Stillinga krev autorisasjon og evne til å leie møte og grupper, samtidig som arbeid i tverrfaglege konstellasjonar står sentralt.

Qualifications

  • Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie.
  • Relevant erfaring frå helsestasjon, skulehelseteneste eller arbeid med barn og unge.
  • God kjennskap til lovverk, nasjonale faglege retningslinjer og kommunale tenester.
  • Erfaring med fagutvikling, kvalitetsarbeid eller koordineringsoppgåver.
  • God evne til kommunikasjon med brukarar og tilsette.
  • God digital kompetanse og erfaring med journalsystem og Office 365.
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

Responsibilities

  • Helsestasjon- og/eller skulehelseteneste i tråd med nasjonale retningslinjer.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot barn, unge og føresette.
  • Rettleiing, samtalar og oppfølging innanfor tenesta sitt ansvarsområde.
  • Tverrfagleg samarbeid med føresette, barnehagar, skular, fastlegar og andre relevante tenester.
  • Fagansvar for kvalitet, faglege rutinar og intern opplæring.
  • Bidra til utvikling, implementering og evaluering av prosedyrar og arbeidsmåtar.
  • Vere fagleg støtte og sparringspartnar for kollegaer, delta i fag- og avdelingsmøter og rettleiing.
  • Delta i planlegging og utvikling av tenesta.
  • Barnekoordinatoroppgåver.
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov.

Skills

Kommunikasjon
Samarbeid
Lede møter
Selvstendig arbeid

Education

Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie

Tools

Office 365
Journalsystem

Job description

Bli ein del av vårt team!

Tynes kommune søker ein engasjert helsesjukepleiar til 100 % fast stilling som helsesjukepleiar med fagansvar. Stillinga er ledig frå 1.januar 2027.

Stillinga er organisert i eining for helsefremmande og førebyggande tenester. Eininga er samansett av jordmor- og helsestasjonsteneste, ergo- og fysioteneste, samt psykiske helseteneste for barn, unge, familiar og vaksne. Førebyggande eining held til på rådhuset i Tysnes kommune.

Tysnes kommune har tidleg innsats og førebyggande arbeid i fokus. Kommunen er mellom anna ein BTI kommune. Stillinga består av førebyggande og helsefremmande arbeidi samsvar med nasjonale retningslinjer og inneheld oppgåver knytt til både klinisk arbeid, og ansvar for fagleg utvikling, kvalitet og samordning av tenesta.

Vi ønsker oss ein kollega som er oppteken av tidleg innsats, førebyggande arbeid og å styrke ressursane til barn og familiar. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter familiar i viktige fasar av livet og bidreg til å gi barn ein trygg og god start.

Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som er opptekne av kvalitet, utvikling og tverrfagleg samarbeid, og som kvar dag arbeider for å skape best mogleg tenester for barna og familiane i Tysnes kommune.

Velkommen som søkar!

Arbeidsoppgåver
  • Helsestasjon- og/eller skulehelseteneste i tråd med nasjonale retningslinjer.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot barn, unge og føresette.
  • Rettleiing, samtalar og oppfølging innanfor tenesta sitt ansvarsområde.
  • Tverrfagleg samarbeid med føresette, barnehagar, skular, fastlegar og andre relevante tenester.
  • Fagansvar for kvalitet, faglege rutinar og intern opplæring.
  • Bidra til utvikling, implementering og evaluering av prosedyrar og arbeidsmåtar.
  • Vere fagleg støtte og sparringspartnar for kollegaer, delta i fag- og avdelingsmøter og rettleiing.
  • Delta i planlegging og utvikling av tenesta.
  • Barnekoordinatoroppgåver.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov.

Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie (Oppgi HRP-nummer i søknad).
  • Relevant erfaring frå helsestasjon, skulehelseteneste eller anna arbeid med barn og unge er ønskeleg.
  • God kjennskap til aktuelt lovverk, nasjonale faglege retningslinjer og kommunale tenester.
  • Erfaring med fagutvikling, kvalitetsarbeid eller koordineringsoppgåver er ein fordel.
  • God evne til kommunikasjon med brukarar og andre tilsette er avgjerande.
  • God digital kompetanse og erfaring med journalsystem og Office 365, er ønskeleg.
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. helsepersonellova § 5. I denne stillinga krevst det òg at du leverer eigenerklæring for tuberkulose og MRSA før tiltreding.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er fagleg trygg, engasjert og samarbeidsorientert.
  • trivst med tverrfagleg samarbeid, sjølvstendig arbeid og teamarbeid.
  • kommuniserer tydeleg og respektfullt med barn, unge og familiar.
  • kan leie møter og grupper.
  • er fleksibel og robust i ein variert arbeidskvardag.
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • har endringsvilje og er fleksibel.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr
  • Vi tilbyr eit raust og inkluderande fellesskap med engasjerte kollegaer, stor breidde i kompetanse, og spennande og varierte oppgåver. Stillinga gjev gode moglegheiter til fagleg utvikling i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.
  • Du blir tilsett som helsesjukepleiar med fagansvar og får lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
  • I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt fra og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.

Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak fra den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter

Helga Nilsen Boland • Tysnes

On-site
NOK 59,000 - 88,000
Stipendordning
KLP pensjonsordning
Helsesjukepleiar med fagansvar
Helsesjukepleiar med fagansvar

DeepOcean • Uggdalseidet

On-site
NOK 520,000 - 720,000
KLP pensjonsordning
Bustadlån via KLP
Tilkallingsvikar barnehage
Tilkallingsvikar barnehage

Wenche Fagerbakk • Uggdalseidet

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Faste stillinger som sykepleier ved hjemmesykepleien Brønnøysund
Faste stillinger som sykepleier ved hjemmesykepleien Brønnøysund

Brønnøy kommune • Brønnøysund

On-site
NOK 620,000 - 820,000
Lønn iht tariff
Veiledertillegg
Naturskjønne omgivelser
Helsesjukepleiar – Barn, skule og ungdom, fleksible timar
Helsesjukepleiar – Barn, skule og ungdom, fleksible timar

Laila Grønn-Jensen • Samnanger

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Gunstige pensjonsordninger
Fleksible arbeidstidsordninger
Gode velferdsordninger
Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar

Laila Grønn-Jensen • Samnanger

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Gunstige pensjonsordninger
Fleksible arbeidstidsordninger
Gode velferdsordninger
Ledig vikariat som helsesjukepleiar
Ledig vikariat som helsesjukepleiar

Nina Helgaset • Voss

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Rekrutteringstillegg 25 000 kr
Yrkesforsikring
Pensjonsordninger
Vil du kombinere klinisk arbeid og fagutvikling?
Vil du kombinere klinisk arbeid og fagutvikling?

Marit Hårstad • Tydal

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Hjelp til å skaffe bolig ved behov
Trimbua treningssenter medlemskap
Pensjons- og forsikringsordninger viaK
Vil du kombinere klinisk arbeid og fagutvikling?
Vil du kombinere klinisk arbeid og fagutvikling?

Tydal kommune Helse og omsorg • Tydal

On-site
NOK 580,000 - 720,000
Hjelp til å skaffe bolig ved behov
KLP pensjonsordninger
Trimbua treningssenter
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter

DeepOcean • Tysnes

On-site
NOK 344,000 - 386,000
Pensjonsordning gjennom KLP
Studentlønnsløp og stipendordning
Top locations