An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer sjukepleiar til Barnesengeposten ved SNR i Hjelset. Fast 100% og vikariat 80% ledig frå 1.november 2026 til 31.12.26; fleire stillingsbrøkar kan verte ledige ved omrokkering.
Du vil arbeide med barn og unge frå 0–18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge, i Noregs mest moderne sjukehus på Hjelset. Vi søker deg som har engasjement, god kommunikasjon og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Helse Møre og Romsdal HF
I Barnesengeposten har no ledig ei 100% fast stilling frå og med 1.november 2026. Vi har også ledig vikariat 80% frå snarast til og med 31.12.26. Andre stillingsbrøkar kan verte ledige ved intern omrokkering. Vi søkjer etter sjukepleiar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen, og som vil vere med å vidareutvikle seksjonen vår. Vi tek imot barn og unge frå 0–18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge. Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med oss på laget i Noregs mest moderne sjukehus på Hjelset.
Søknadsfrist 14.10.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Hjelset
Stillingstittel Sjukepleiar
Stillingar 2
Heiltid / Deltid Heiltid, Deltid
Tilsetjingsform Fast, Vikariat
Stillingsprosent 100, 80
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Mari Elise Morch Konstituert seksjonsleiar
E-post: mari.elise.morch@helse-mr.no
Siv Helen Kristoffersen Seksjonsleiar
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifisert til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal