Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) i Molde søker autorisert operasjonssjukepleiar til ein 100% stilling som vikariat ved den nyetablerte operasjonsseksjonen på Hjelset. Stillinga krev god lagånd, evne til tverrfagleg samarbeid og strukturert arbeidsmetodikk.
Arbeidskvardagen omfattar 12-timars vakter, 3-delt turnus og varierte operasjonsområde frå gastrokirurgi til ortopedi og gynekologi. Arbeidet inneheld opplæring av nytt personell og kontinuerleg fagleg utvikling.
Søknadsfrist 05.10.2026
Vil du bli ein del av eit operasjonsteam med høg fagleg kompetanse i moderne og framtidsretta lokale?
Vi har no ledig eit vikariat for autorisert operasjonssjukepleiar ved den nyetablerte operasjonsseksjonen ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset.
Operasjon SNR er ein del av Avdeling for anestesi, intensiv, operasjon, sterilforsyning og dagkirurgi, som inngår i Klinikk SNR – ei av fem klinikkar ved sjukehuset. Seksjonen har om lag 48 årsverk, og bemanninga har høg fagleg kompetanse og brei klinisk erfaring. Nokre har sin hovudarbeidsstad på Hjelset, medan andre har delt stilling i Kristiansund.
Arbeidskvardagen hos oss er prega av tverrfagleg samarbeid, høgt tempo og fagleg engasjement, og med pasienten i sentrum. Operasjonssjukepleiarane arbeider hovudsakleg 3-delt turnus, med 12-timars vakter og delar på bemanninga i helg.
Operasjon SNR kan tilby eit breitt og variert fagmiljø, og dekkjer eit breitt spekter av følgande fagområde:
I tillegg bistår vi medisinsk avdeling med inngrep som til dømes innlegging av pacemaker og andre prosedyrar ved behov.
Operasjon SNR har nye lokale og moderne utstyr. Vi har nyleg flytta inn i heilt nye operasjonslokale på Hjelset, med 10 fullt utstyrte operasjonsstover og moderne medisinteknisk utstyr. Dette gir unike moglegheiter for fagleg utvikling, effektiv drift og høg kvalitet i pasientbehandlinga.
Sjukehuset ligg på Hjelset, om lag 20–30 minuttar med bil frå Molde sentrum og rundt 40 minutt frå Kristiansund. I Kristiansund blir det vidareført eit breitt spesialisthelsetilbod med poliklinikk og dagbehandling.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breitt spesialisthelsetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal