A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Sengepost Kirurgi 1 ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal i Moldeområde søkjer engasjerte sjukepleiarar. Stillingane er 100% vikariat samt 100% fast, og tilsetjing skjer snarast eller etter avtale.
Du blir ein del av eit tverrfagleg team som kombinerer ortopedisk og geriatrisk kompetanse for trygg og kunnskapsbasert behandling gjennom heile pasientforløpet.
Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til to 100 % vikariat og en 100 % fast stilling ved vår ortopediske og ortogeriatriske sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande.
Ortopedisk og ortogeriatrisk sengepost er ein del av det nye akuttsjukehuset på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med oppfølging av pasientar med brotskadar, fallrelaterte skadar og andre ortopediske problemstillingar, både akutte og planlagde. Du blir ein del av eit tverrfagleg team som kombinerer ortopedisk og geriatrisk kompetanse for å sikre trygg, kunnskapsbasert og heilskapleg behandling gjennom heile pasientforløpet. Seksjonen har særleg fokus på tidleg mobilisering, førebygging av komplikasjonar, god funksjonsattvinning og pasienttryggleik. Vi arbeider kontinuerleg med fagutvikling, forbetringsarbeid og samarbeid på tvers av profesjonar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse, stort engasjement og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Stillingane inngår i tredelt turnus. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige.
Cathrine Emilie Valgermo Forren,Konstituert seksjonsleder,+47 95907778
Opdølvegen 4
6450Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5178352629
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 21.10.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Tilkallingsvikar – sjukepleiar / sjukepleiarstudent
Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF