Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Helse Møre og Romsdal søkjer sjukepleiar/spesialsjukepleiar til sengeposten ved SNR Kristiansund. Du får varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit trygt arbeidsmiljø.
Vi legg vekt på fagleg utvikling, god turnus og mogelegheiter for vidareutvikling. Langvakter og arbeid kvar fjerde helg kan vere aktuelt for dei som ønskjer det; du vert ein del av eit godt tverrfagleg team ved eit moderne sjukehus.
Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR!
Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil legge til rette for at tilsette kan kome med ønsker for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønsker det.
Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt.
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal