Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer sjukepleiarar til ei kombinerte 65 % fast stilling ved Dagposten og Kirurgisk sengepost A. Stillinga starten 01.11.2026 eller etter avtale.
Arbeidet omfattar dagtid og kveldar med moglegheiter for langvakter. Dagposten er ope 07:00–21:15 måndag–fredag, medan Kirurgisk sengepost A har turnus med arbeid kvar 3. helg eller kvar 4. helg ved behov for langvakter.
Vi har ledig ei kombinert 65 % fast stilling.Dette er ei kombinert stilling der ein jobbar 20% ved Dagposten, og 45% på Kirurgisk sengepost A.
Vi har også ledig vikariat på 30 %, så det er mogleg å auke stillinga ved Dagposten. Vikariatet er i første omgang til 1/2-27.
Stillingane på Dagposten inneber arbeid på dagtid, kveld og også moglegheiter for langvakter. Dagposten har opent frå 07:00-21:15 måndag -fredag.
Stillingane på Kirurgen Aer i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller kvar 4. helg dersom ein ønskjer langvakter.
Dagposten høyrer til under Avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi tek imot all elektiv kirurgi som skal opereres på hovedoperasjon. Vi klargjer pasientene , og sender dei til operasjon. Dei som skal leggjast inn på sengepost går videre til Kirurgen A eller B etter operasjon. Dei som er dagkirurgiske pasientar skal tilbake til Dagposten til observasjon før utskriving. Dagposten opna 5/1-26, så du kan her vere med å utforme ei ny og spennande avdeling. Her er omsorgsfulle og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogeleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med tidvis høgt tempo og spanande utfordringar, der vi alle jobbar saman for at pasienten skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.
Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor våre fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette ei ypperlig moglegheit for deg som ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og få erfaring innan desse spesialfelta.
Vi har ledig ei kombinert 65 % fast stilling.Dette er ei kombinert stilling der ein jobbar 20% ved Dagposten, og 45% på Kirurgisk sengepost A.
Vi har også ledig vikariat på 30 %, så det er mogleg å auke stillinga ved Dagposten. Vikariatet er i første omgang til 1/2-27.
Stillingane på Dagposten inneber arbeid på dagtid, kveld og også moglegheiter for langvakter. Dagposten har opent frå 07:00-21:15 måndag -fredag.
Stillingane på Kirurgen Aer i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller kvar 4. helg dersom ein ønskjer langvakter.
Oppstart 01.11.2026, eller etter avtale.
Dagposten høyrer til under Avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi tek imot all elektiv kirurgi som skal opereres på hovedoperasjon. Vi klargjer pasientene , og sender dei til operasjon. Dei som skal leggjast inn på sengepost går vidare til Kirurgen A eller B etter operasjon. Dei som er dagkirurgiske pasientar skal tilbake til Dagposten til observasjon før utskriving. Dagposten opna 5/1-26, så du kan her vere med å utforme ei ny og spennande avdeling. Her er omsorgsfulle og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogeleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med tidvis høgt tempo og spanande utfordringar, der vi alle jobbar saman for at pasienten skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.
Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor våre fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette ei ypperlig moglegheit for deg som ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og få erfaring innan desse spesialfelta.
Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidsdag!
Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Tone Torvik Akslen,Seksjonsleiar, Dagposten,+47 90531460, Tone.Torvik.Akslen@helse-mr.no
Andre Giskegjerde Høybakk,Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A,+47 70105817, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5182186459
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Helse Møre og Romsdal