Sjukepleiar

Andre Giskegjerde Høybakk

Ålesund

On-site

NOK 480,000 - 600,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Offentleg pensjonsordning og forsikr V

Job summary

Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker sjukepleiar til ei kombinert 65% fast stilling ved Dagposten (20%) og Kirurgisk sengepost A (45%). Det er mogleg å auke stillinga med eit 30% vikariat ved Dagposten.

Arbeidet omfattar dag- og kveldsvakter, med oppstart 01.11.2026 eller etter avtale. Dagposten ligg i tilknyting til Ålesund sjukehus og tilbyr eit tett fagmiljø med fokus på trygg pasientbehandling.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg.
  • Erfaring frå somatikk i sjukehus vert lagt vekt på.

Responsibilities

  • Pre- og postoperativ sjukepleie til aktuelle pasientgrupper.
  • Ø-hjelps funksjon for pasientgrupper, inkludert polikliniske konsultasjonar.
  • Observasjon og behandling av lettare traumar.
  • Sjukepleieprosedyrer og legemiddelhandtering.
  • Sjukepleieadministrative og koordinerande oppgåver.
  • Rettleiing av studentar og kollegaer.

Skills

Norsk autorisasjon
Norsk norsk skriftleg/munnleg
Somatikk erfaring

Job description

Vi har ledig ei kombinert 65 % fast stilling.Dette er ei kombinert stilling der ein jobbar 20% ved Dagposten, og 45% på Kirurgisk sengepost A.

Vi har også ledig vikariat på 30 %, så det er mogleg å auke stillinga ved Dagposten. Vikariatet er i første omgang til 1/2-27.

Stillingane på Dagposten inneber arbeid på dagtid, kveld og også moglegheiter for langvakter. Dagposten har opent frå 07:00-21:15 måndag -fredag.
Stillingane på Kirurgen Aer i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller kvar 4. helg dersom ein ønskjer langvakter.

Oppstart 01.11.2026, eller etter avtale.

Dagposten høyrer til under Avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi tek imot all elektiv kirurgi som skal opereres på hovedoperasjon. Vi klargjer pasientene , og sender dei til operasjon. Dei som skal leggjast inn på sengepost går videre til Kirurgen A eller B etter operasjon. Dei som er dagkirurgiske pasientar skal tilbake til Dagposten til observasjon før utskriving. Dagposten opna 5/1-26, så du kan her vere med å utforme ei ny og spennande avdeling. Her er omsorgsfulle og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogeleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med tidvis høgt tempo og spanande utfordringar, der vi alle jobbar saman for at pasienten skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.

Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor våre fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette ei ypperlig moglegheit for deg som ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og få erfaring innan desse spesialfelta.

Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidsdag!

Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.

Arbeidsoppgåver
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til alle dei aktuelle pasientgruppene
  • Ø-hjelps funksjon for alle pasientgrupper, inkludert polikliniske konsultasjonar
  • Observasjon og behandling av lettare traumar
  • Sjukepleieprosedyrer
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieadministrative og koordinerande oppgåver
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar .
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå somatikk i sjukehus vert lagt vekt på
Personlege eigenskapar
  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel.
  • Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert lagt vekt på ved tilsetting
  • Du trivast i eit miljø med høg aktivitet
  • Du bidreg til å ivareta eit alt etablert godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst, og liker varierte utfordringa.
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjoner.

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Tone Torvik Akslen,Seksjonsleiar, Dagposten,+47 90531460,Tone.Torvik.Akslen@helse-mr.no
Andre Giskegjerde Høybakk,Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A,+47 70105817,andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5182186459
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukepleiar
Sjukepleiar

Dagpost og Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 650,000
Tverrfaglig samarbeid
Inkluderende arbeidsmiljø
Gode pensjonsvilkår
+1
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Ellen I Lagabø Molnes • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Offentlig pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Undervisning og fagdagar
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Irene Margretehe Takvam • Ålesund

On-site
NOK 480,000 - 640,000
Fleksiplan
Turnus 12 veker
Inkluderande arbeidsplass
+2
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Ann-Iren Vartdal • Ålesund

On-site
NOK 620,000 - 750,000
Gode kollegaer
Grundig opplæring
Sterkt fagmiljø
+3
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Sengepost barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Fleksibel turnus (12 veker)
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit godt arbeidsmiljø
Lege i spesialisering anestesiologi
Lege i spesialisering anestesiologi

Renate R. Johnsen • Ålesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Lege i spesialisering anestesiologi
Lege i spesialisering anestesiologi

ANESTESILEGER OG SMERTEPOLIKLINIKK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,150,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomst
+1
Overlege palliasjon
Overlege palliasjon

Synnøve Haram Rotnes • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,500,000
Offentleg pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Synes du gastrokirurgi er spennende? Da vil vi ha deg med på laget!
Synes du gastrokirurgi er spennende? Da vil vi ha deg med på laget!

Nora Johanne Bøe • Lørenskog

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Sjukepleiar? Ortopedisk sengepost søkjer deg!
Sjukepleiar? Ortopedisk sengepost søkjer deg!

Astrid Maria Josefsen Bendiksen • Haugesund

On-site
NOK 420,000 - 560,000
Pensjonsordningar
Offentleg tenestepensjon
God opplæring