An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Ellen I Lagabø Molnes i Ålesundsregionen søker sjukepleiarar til 100 %, 90 % og 80 % faste stillingar i ein 3-delt turnus. Oppstart etter avtale, med ønskje om langvakter og nattestilling ved behov. Skriv i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Søkjar blir vurdert ut frå fagleg kompetanse og om ein god intern omrokering skjer.
Vi tilbyr ei inkluderande arbeidsplass med høgt fagleg nivå, tverrfagleg samarbeid og internundervisning. Ta kontakt for meir informasjon og rekrutteringsvegar.
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å videreutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr
Vi har ledig:
Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller flere tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!