Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Seksjonen for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ei spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar, og tilbyr eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Førstestilling startar 01.11.2026 i 80% stilling og kan utvidast.
Nyfødtsjukpleie er spesialisert, og det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg forbetring. Arbeidsstad er Ålesund, og sjukehuset ligg i ein vakker by med eit rikt kultur- og naturtilbod.
Seksjon for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av plassane er til høgintensiv behandling, medan seks er til intermediær behandling. I tillegg har vi familierom og tilbod om heimesjukehus.
Vi dekkjer nyføddtilbodet i heile Møre og Romsdal og behandlar premature born frå svangerskapsveke 26, i tillegg til alle andre sjuke nyfødde born.
Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med dyktige, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid, både internt i avdelinga og på tvers av klinikken.
Ved nytilsetjing får du eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Interne omrokkeringar kan òg føre til at det blir ledige stillingar i seksjonen.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.