Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Sengepost for barn og ungdom i Ålesund søkjer sjukepleiarar for 50% eller 80% stilling ved Sengeposten. Stillinga krev norsk autorisasjon og erfaring frå arbeid med barn, i eit positivt fagleg engassert arbeidsmiljø.
Du vil arbeide i eit tverrfagleg team med sjukepleieoppgåver, legemiddelhandtering og rettleiing av studentar og kollegaar. Søkjar blir vurdert etter vilje til medverknad og godt arbeidsmiljø.
Sengepost for barn og ungdom har pasientar frå 0 – 18 år innan alle fagfelt, både barnemedisin, kirurgi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl.
Sengeposten har 18 sengeplassar, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post.
Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Sengepost for barn og ungdom har pasientar frå 0 – 18 år innan alle fagfelt, både barnemedisin, kirurgi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl.
Sengeposten har 18 sengeplassar, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post.
Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø.
Ved interne omrokkeringer kan andre stillinger bli ledig.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Ingrid Eriksen,Seksjonsleiar,70167666, Ingrid.Eriksen@helse-mr.no
Irene Margretehe Takvam,Ass.seksjonsleiar,70167667, Irene.Takvam@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5191803420
Stillingsprosent: 50, 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 25.10.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal