Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer ein engasjert psykiatrisk sjukepleiar til eit 100% vikariat ved døgnavdelinga på DPS. Avdelinga har 17 senger og variert muligheiter for utgreiing, behandling og miljøterapi.
Du blir del av eit tverrfagleg team og vil få ansvar for oppfølging av pasientar og koordinering, samt rettleiing av studentar. Vi søkjer deg som er offentleg godkjent sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, og som har god norskkunnskap.
Vi søker etter ein engasjert og trygg psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar til eit 100% vikariat i vår døgnavdeling på DPS.
Døgnposten har 17 sengar, 14 plassar for generelt døgntilbod og tre sengar brukerstyrte plassar. Pasientane våre kjem elektivt og ved interne overflyttingar frå andre sjukehuspostar. Ved vår avdeling tilbyr vi utgreiing og behandling. Miljøterapi er ein viktig del av tilbodet i døgnposten og inneber at vi tilbyr mellom anna IMR (illness management and recovery), gruppeterapi, friluftsterapi, grupper med fysioterapeut og liknande.
Hos oss får du ein variert og meningsfull arbeidskvardag med fokus på heilskaplegoppfølgingav pasientar med psykiske helseutfordringar. Du blir en del av et tverrfaglig team med dyktige og engasjerte kollegaer.
Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Siw K. Kringstad,Seksjonsleiar,+47 957 84 240,Siw.K.Kringstad@helse-mr.no
Stine-Mari Valde,Teamkoordinator,70106786
Vegsundvegen 68
6020Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5175565467
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.10.2026