Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker sjukepleiar til avdeling for kreft, palliasjon og hematologi. Du yter grunnleggande og avansert sjukepleie til pasientar i alle fasar av sjukdomsforløpet, og følgjer pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliasjon.
Stillinga er tilknytta dag- og kveldsarbeid, med arbeid kvar tredje helg; noko nattarbeid kan forekomme. Ein inkluderande arbeidsplass med fokus på kompetanseutvikling og trygt arbeidsmiljø blir tilbydd.
Ønsker du å jobbe i ei avdeling der avansert sjukepleie kombinerast med nær pasientkontakt og heilheitleg omsorg?
Som sjukepleiar har du ei viktig rolle på sjukehuset vårt, og du spelar ei avgjerande rolle i å sikre trygge og gode pasientopplevingar. Sengepost for kreft og blodsjukdomar søkjer no ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ønskjer å bidra til trygg behandling, høg fagleg kvalitet og gode pasientopplevingar.
Vi er ein fylkesdekkande spesialsengepost, og har 18 sengeplassar innen fagområda onkologi, palliasjon og hematologi. Her vil du jobbe tett saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø.
Stillinga er i hovedsak knytt til dag- og kveldsarbeid, med arbeid kvar 3.helg. Noko nattarbeid kan likevel forekomme. Ved interne omrokkeringar kan andre stillinger verte ledige.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .
Maiken Amalie Grønningsæter Solberg,Seksjonsleiar,maiken.amalie.gronningsaeter.solberg@helse-mr.no
Åsehaugen 15
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5184643568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026