Psykiatrisk Sjukepleiar

Inger-Lise Bråthen

Ålesund

On-site

NOK 650,000 - 850,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Job summary

Ålesund-området i Helse Møre og Romsdal HF søker ein engasjert psykiatrisk sjukepleiar til fast stilling i DPS Poliklinikk Ålesund. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø som arbeider med utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø, tett rettleiing og moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg team, med fokus på kontinuitet og kvalitet i pasientforløp.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning/master i psykisk helsearbeid eller psykisk helse og rus er ønskjeleg.
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid i kommunehelseteneste eller spesialisthelseteneste.
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid er ein fordel.
  • Erfaring med individuelle samtaleforløp og terapeutisk arbeid.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Responsibilities

  • Poliklinisk utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med psykiske lidingar.
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad.
  • Gjennomføre individuelle samtalar og behandlingstiltak tilpassa pasienten sine behov.
  • Samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar.
  • Bidra med sjukepleiarfagleg kompetanse i team og fagmiljø.
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid kring vurdering, behandling og oppfølging av pasientar.
  • Oppfølging av pasientar som er under pågåande ADHD-medisinering, kan vere ei aktuell oppgåve.

Skills

Kliniske vurderingsevner
Norskkunnskapar
Relasjonsbygging
Allmennhelsekompetanse

Education

Autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning/masters i psykisk helsearbeid eller psykisk helse og rus

Job description

Vi søkjer ein engasjert psykiatrisk sjukepleiar til fast stilling i våre allmennteam.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med brei kompetanse innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar, og får moglegheit til å bidra i utviklinga av eit framtidsretta og innovativt behandlingstilbod. DPS Poliklinikk Ålesund består av sju behandlingsteam; eit gruppebehandlingsteam, eit ROP-team, eit tidleg avklaringsteam og fire allmennteam med ulik fagleg profil. Allmennteama omfattar to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Dette gir høve til både breidde og fordjuping i klinisk arbeid.

Hos oss blir du del av eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø med brei terapeutisk kompetanse. Vi arbeider mellom anna med intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP), emosjonsfokusert terapi (EFT), kognitiv åtferdsterapi (CBT), EMDR og Prolonged Exposure (PE), og legg til rette for fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og kompetansedeling på tvers av team. Vi er opptekne av kontinuerleg utvikling av behandlingstilbodet. I løpet av hausten startar vi arbeidet med å etablere B4DT (fire dagars behandling) for angstlidingar. Vi ser på moglege løysingar innan eBehandling. Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal har også teke i bruk kunstig intelligens som støtte i journalskriving, med gode erfaringar.

Hos oss møter du eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse. Vi har eit godt etablert rettleiingstilbod og stor interesse for fagutvikling og innovasjon. Vi legg vekt på stabile og samanhengande pasientforløp. Derfor søkjer vi medarbeidarar som ønskjer å vere ein langsiktig del av eit godt arbeidsmiljø, og som er opptekne av relasjonsbygging, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.

Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarar kan utvikle seg gjennom heile karrieren. Hos oss møter du eit sterkt tverrfagleg fagmiljø der psykologar, psykologspesialistar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre faggrupper arbeider tett saman for å gi best mogleg behandling. Kombinasjonen av brei pasientportefølje, høg spesialistkompetanse, ulike terapeutiske retningar og eit aktivt fagfellesskap gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping, læring på tvers av profesjonar og videre utvikling.
Ved intern omrokkering kan vikariat verte ledig.

Arbeidsoppgåver
  • Poliklinisk utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med psykiske lidingar
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad
  • Gjennomføre individuelle samtalar og behandlingstiltak tilpassa pasienten sine behov
  • Samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Bidra med sjukepleiarfagleg kompetanse i team og fagmiljø
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod
  • Delta i tverrfagleg samarbeid kring vurdering, behandling og oppfølging av pasientar
  • Oppfølging av pasientar som er under pågåande ADHD-medisinering, kan vere ei aktuell oppgåve
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning/master i psykisk helsearbeid eller psykisk helse og rus er ønskjeleg
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid i kommunehelseteneste eller spesialisthelseteneste
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid er ein fordel
  • Erfaring med individuelle samtaleforløp og terapeutisk arbeid vil verte vektlagt
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp er ønskjeleg
  • Kandidatar med erfaring og påbegynt evt. ønske om videreutdanning psykisk helsevern kan oppmodast å søkje
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Du har gode kliniske vurderingsevner og høg fagleg integritet
  • Du skaper tillit og gode relasjonar til pasientar og pårørande
  • Du bidreg til stabile og samanhengande pasientforløp
  • Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig med eigne oppgåver og behandlingsforløp
  • Du samarbeider godt med kollega og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Du har interesse for fagutvikling og nye arbeidsformer innan psykisk helsevern
  • Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar i eit etablert fagfellesskap

Personleg eignaheit vil vert tillagt stor vekt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen,Seksjonsleiar,havard.helgesen@helse-mr.no
Inger-Lise Bråthen,Konstituert seksjonsleiar,Inger-Lise.Brathen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Geilebergvegen 20
6017Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5186186705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom
Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 480,000 - 720,000
Psykiatrisk Sjukepleiar
Psykiatrisk Sjukepleiar

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,700,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 1,150,000 - 1,650,000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Medisinsk sengepost 2 / Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 730,000
Sjukepleiar/Vernepleiar
Sjukepleiar/Vernepleiar

Linn Therese Reiakvam • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Internundervisning
Fagdager
God arbeidsmiljø
+3
Kreftsjukepleiar/sjukepleiar
Kreftsjukepleiar/sjukepleiar

Maiken Amalie Grønningsæter Solberg • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Tverrfaglig samarbeid
Internundervisning og fagdagar
Inkluderende arbeidsplass
+2
Assistent
Assistent

Marianne Bakken Omvik • Ålesund

On-site
NOK 248,000 - 386,000
Tverrfaglig samarbeid
Inkluderende arbeidsplass
Lønn etter avtale
+1
Overlege palliasjon
Overlege palliasjon

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Overlege palliasjon
Overlege palliasjon

Synnøve Haram Rotnes • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,500,000
Offentleg pensjonsordning
Forsikringsvilkår