A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Leirvik AS søker etter ein proaktiv og kommersielt tenkande person til å utvikle og marknadsføre selskapet si aluminiumskonstruksjon‑satsing i eit internasjonalt marknadsperspektiv. Arbeidsstaden er Stord, med moglegheit for vurdering av andre lokasjon ved rette kandidat.
Hovudoppgåver er kundekontakt, identifisering av prosjektmodellar og å delta i utviklinga av leveransemodellane, samt å bidra i strategiarbeid for infrastrukturprosjekt.
Leirvik ASutviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar og anna infrastruktur. I 2025 leverte vi Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium til Statens Vegvesen. I sommar opna Marinebroen i Bergen, også den prosjektert og bygd av Leirvik AS.Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer.
Leirvik AS har i lang tid levert store aluminiumskonstruksjonar til offshoreindustrien, og denne unike kompetansen og lange erfaringa vil me vidareføre til nye marknader. Me søkjer difor etter deg som kan vera med å utvikla Leirvik AS til å bli ein viktig aktør innen brukonstruksjonar og anna infrastruktur i aluminium.
Arbeidsstad: Stord, men anna lokasjon kan vurderast ved rette kandidat.