A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Norsk Hydro søker ein engasjert Rørleggjar for vassforsyningsanlegg ved Hydro Husnes. Du vil ha ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av viktige tekniske installasjonar og infrastruktur.
Du vil planleggje førebyggjande vedlikehald, sikre stabil vatnslevering og feilsøke røyrsystem. Krav: fagbrev i røyrleggjarfaget eller industri røyrleggjarfag, industriell erfaring og HMS-fokus.
Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressboltar, valseblokker, støypelegeringar, tråd og aluminium med høg reinleik, med eit globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 tilsette. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi. Vil du vere med og sikre stabil drift av kritisk infrastruktur og vassforsyning ved Hydro Husnes? Vi søkjer ein engasjert og løysingsorientert industrirøyrleggjar som ønskjer ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av viktige tekniske anlegg.
Du vil få ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av vassforsynligsanlegg ved Hydro Husnes. Dette inneber blant anna:
Vi ser etter deg som tek ansvar og eigarskap til oppgåeven dine. Du ser løysingar, er pålitelig og har god evne til å sluttføra oppgåver. Du er god på samarbeid, erfaringsutveksling og involvering på tvers av fagmiljø. Du er med på å skape eit godt arbeidsmiljø og er oppteken av din eigen og andre sin tryggleik.
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.
Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadar vert ikkje tekne imot på e-post.
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Fred Nilsen
(Norway +47) 45853909
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339