Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ågotnes skule i Øygarden kommune søkjer leiar som kan styre pedagogisk utviklingsarbeid i tett samarbeid med leiarskapet. Rollen omfattar økonomiansvar, forvaltningsoppgåver og overordna personalansvar.
Du vil arbeide med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon og samarbeide med politisk og administrativt nivå samt andre instansar.
Ågotnes skule er ein barneskule med 240 elevar og om lag 45 tilsette. Skulen sin visjon er: «Ågotnes skule – ein god stad å vere, ein god stad å lære». Gjennom denne visjonen har skulen vektlagt lesing som satsingsfelt i fleire år og arbeidd systematisk med å videreutvikle eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø på skulen. Ågotnes har mellom anna vore med i ein pilot om utprøving av programmet SUPER! og har blitt sertifisert som ein Dysleksivennleg skule. Arbeidet i SFO er ein viktig del av det heilskaplege arbeidet på skulen.
Skulen har nynorsk som målform.
Som namnet tilseier så ligg skulen på Ågotnes, om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum, og bussterminal like ved skulen.
Må ha:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.