Om stillinga
Utlendingsnemnda (UNE) treng ein ny medarbeidar som skal jobba med samspelet mellom fag og system.
Stillinga er i dag plassert i Eining for prosess og informasjonsforvaltning som ligg under Avdeling for teknologi og digital utvikling. Avdelinga jobbar med utvikling og forvalting av fagsystema som blir nytta i UNEs sakshandsaming.
Du vil jobba i eit fellesskap med andre rådgjevar, som saman har eit overordna ansvar for å leggje til rette for god systemstøtte, gode prosessar og flyt i sakshandsaminga, både internt og på tvers i forvaltinga.
Mykje av arbeidet er knytt opp mot Websak med tilhøyrande modular, og dessutan UNEs andre systemportefølje som mellomanna inneheld applikasjonar for nemndlogistikk og praksis.
Vi ønskjer at alle som jobbar i UNE, identifiserer seg med verdiane våre: pålitelegheit, openheit og respekt.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i arbeidmed å digitalisere og automatisereprosessar
- Utvikling og vedlikehald av dokumentasjonsplan
- Arbeid med kvalitetssikring og økt dokumentfangst
- Delta i prosjektarbeid, både internt i UNE og tverretatleg i utlendingsforvaltinga
- Arkivfagleg rådgjeving og rettleiing på prosess og system
- Utarbeide og vedlikehalde rutinar og brukarrettleiingar
- Opplæring og rettleiing av sakshandsamarar i bruk av WebSak og modular
- 2. linje brukarstøtte
- Feilhåndtering og oppfølging mot leverandør
- Delta i det andre arbeidet til seksjonen ved behov
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Relevant høgare utdanning innanfor arkiv og dokumentasjonsforvaltning, helst på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for eventuell manglande formell utdanning.
- God systemforståing
- God kjennskap til relevant lovverk
- God formidlingsevne
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har erfaring med:
- dokumentasjonsforvaltinga i offentlig sektor
- WebSak Arkiv og WebSak Admin
- prosess- og prosjektarbeid
- arbeid med prosesskartlegging
- testing av systemleveransar
- planleggje og gjennomføre kurs og opplæring
Det er óg ein fordel å ha kjennskap til LEAN-metodikk.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- likar å jobba med menneske og samarbeider godt på tvers av faggrupper
- evnar å jobba strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
- har lyst til å bruke teknologi til å effektivisere prosessar
- er effektiv og løysingsorientert og serviceinnstilt
- viser forståing for ulike organisatoriske avdelingar, funksjonar og roller
- er fleksibel og har god omstillingsevne
- er dyktig på å handteremange parallelle oppgåver
- er god på å byggje relasjonar og dele kunnskap med andre
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Jobb i ein etat som har eit viktig samfunnsoppdrag
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
- Godt tilrettelagt arbeidsmiljø i lokale sentralt i Oslo
- Mogelegheit forfleksibel arbeidsstad
- Fleksitid og andre statlege velferdsordningar
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
- Lønnsvilkår: Stillinga er lønt som Rådgjevar/seniorrådgjevar (kr 600000–800000) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
UNE ser mangfald som ein styrke
Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse og bakgrunn for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, alder eller «hol i CV-en». Vi ønskjer deg velkomen til oss, og vil leggje til rette for deg dersom du har behov for det.
Kontaktperson
- Einingsleiar Henning Syversen,tlf.: 92804115, e-post: hsy@une.no
- seniorrådgjevar Cathrine Østensvig Dale, tlf.: 99162476, e-post: cdl@une.no