A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Universitetet i Bergen utlyser ei stilling som ph.d.-stipendiat i rein matematikk ved Matematisk institutt. Stillinga er tre år med moglegheit for eit fjerde år med undervisning og formidling. Lønsnivået er innanfor 1017-stilling og finansierast av UiB.
Søkjar må ha mastergrad i matematikk og solid bakgrunn i topologi eller analyse/PDE-er. Ein god engelskkunnskap er krav, samt evne til sjølvstendig arbeid og godt samarbeid.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i rein matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen.
Stillinga er meint å gi lovande og motiverte kandidatar med ein solid bakgrunn i avansert matematikk høvet til å drive forsking som leiar fram til ein doktorgrad, enten innanfor topologi eller innanfor analyse og partielle differensiallikningar (PDE-er). Gruppa for topologi forskar på stabil, ekvivariant og motivisk homotopiteori, algebraisk K-teori og topologisk dataanalyse. Gruppa for analyse og PDE-er forskar på ikke-lineære dispersive partielle differensiallikningar, med særleg fokus på samspelet mellom dispersive effektar og dei strukturelle eigenskapane ved ikke-linearitetane.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet vedFakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas: Antonella.Zanna@uib.no
Professor Sigmund Selberg: Sigmund.Selberg@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrar