Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen søker ein seniorkonsulent ved HR-avdelinga for Seksjon for HR-fellestenester. Tiltreding så snart som mogeleg og vikariatet varer fram til 1. juli 2027. Stillinga inkluderer rekuttering og rådgjeving i HR-prosessar og anna personaladministrativt arbeid.
Hovudkvalifikasjonane er bachelorgrad eller høgare, god HR-erfaring, og god kunnskap om statleg regelverk. Søkjarar med UH-sektor-kjennskap vert prioritert. Løna ligg mellom 615 000 og 645 000 kronar per år.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
HR-avdelinga ved Universitetet i Bergen ønskjer deg velkomen til å søkje eit vikariat som seniorkonsulent ved Seksjon for HR-fellestenester. Tiltreding er så snart som mogeleg og vikariatet varar fram til 1. juli 2027.
Avdelinga leverer mellom anna HR-tenester til Fakultet for Kunst, musikk og design, Det juridiske fakultet og sentraladministrative einingar. Vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å vere med å bidra til god sakshandsaming og rådgjeving på HR-feltet.
HR-avdelinga si oppgåve er å yte HR-fagleg service til leiinga og tilsette. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, og søkjarar på arbeidsfeltet.
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra.
Vi søkjer ein medarbeidar som:
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: fungerande seksjonsleiar, Ingrid Christensen, epost: Ingrid.Christensen@uib.no tlf.: 55584759.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .