A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Årdal Utvikling søkjer ny rådgjevar som skal vera med på samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Stillinga er eit engasjement på to år i ei 100% stilling.
Me ser etter deg med interesse for samfunns- og næringsutvikling, og du vil rådgje gründerar, leggje til rette for små og store verksemder og delta i prosjektrelatert arbeid saman med lokale og regionale aktørar.
Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland?
Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med på samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Stillinga er eit engasjement på to år i ei 100% stilling.
Me ser etter deg som har har interesse for samfunn- og næringsutvikling. Om nokre av punkta me ser etter nedanfor høyres midt i blinken ut for deg, ynskjer me veldig gjerne å høyre fra deg.
Me jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.
Me søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:
Engasjementet varar i to år, med moglegheit for forlenging/fast stilling.
Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordninger og ordna arbeidsforhold.
Årdal Utvikling er organistert som ei stifting og er Årdal kommune sitt verktøy for gjennomføring av strategisk næringsplan.
Gjennom dette arbeidet bidreg ein til berekraftig næringsutvikling med fokus på å legga tilhøva til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmoglegheiter, nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.