A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Årdal kommune Bu og miljøtenesta søker ein engasjert helsefagarbeidar til Grandane bufellesskap i ein 100% fast stilling. Arbeidet inneber tett oppfølging av personar med samansette behov og krev kinne til å møte utfordrande åtferd med ro og fagleg-refleksjon.
Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar og bilsertifikat. Erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming eller utfordrande åtferd blir vektlagt. Me tilbyr fagleg utvikling, godt arbeidsmiljø og grundig opplæring.
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Ynskjer du ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell i andre menneske sine liv?
Grandane bufellesskap søkjer ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til gode tenester, har evne til å byggje trygge relasjonar og som kan stå støtt i situasjonar der åtferd kan vere utfordrande.
Arbeidet inneber tett oppfølging av personar med samansette behov. Nokre av tenestemottakarane kan i periodar vise åtferd som utfordrer, og det er viktig at du er trygg, tolmodig og evnar å stå i krevjande situasjonar over tid. Me søkjer difor medarbeidarar som kan møte sterke kjensleuttrykk med ro, respekt og fagleg refleksjon, og som er opptekne av å forstå kva åtferda uttrykkjer og kva behov som ligg bak.
Dette er ei stilling som gir moglegheit til å gjere ein stor forskjell for menneske som treng stabile, trygge og engasjerte medarbeidarar rundt seg. Arbeidet krev tolmod, fagleg nysgjerrigheit og evne til å halde fast ved gode relasjonar også når dagane er krevjande.
Lang og relevant erfaring fra arbeid med åtferd som utfordrar kan vege opp for manglande formell kompetanse.
Me søkjer deg som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Tilsetjing skjer så snart som mogleg.
som følgje av interne tilsetjingar. Oppgje gjerne i søknaden dersom du også er interessert i andre stillingsstorleikar eller vikariat som måtte bli ledige.
Velkommen som søkjar! Me gler oss til å høyra fra deg!
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk fra fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.I kommunen er det har seks barnehagar, two skular, ein vidaregåande skule.På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.Me har gode stipendordninger til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.Velkomen til oss i Årdal !