Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø

smp

Årdalstangen

On-site

NOK 1,100,000 - 1,700,000

Full time

9 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning
Forsikring

Job summary

Årdal kommune søker ny kommunalsjef for teknisk, plan og miljø for ei 100% fast stilling. Rollen krev strategisk leiarskap, evne til å byggje relasjonar, og ansvar innan plan, byggesak, drift, vatn og miljø.

Du vil vere sentral i leiargruppa, bidra til økonomistyring og tverrsektoriell samarbeid, og ha ansvar for ei gruppe på ca. 55 tilsette.

Qualifications

  • Relevant høgre teknisk utdanning.
  • Ledererfaring fra teknisk/plan/miljø eller tilsvarande område.
  • God forståing for økonomistyring og budsjettering.
  • Innsikt i planarbeid og prosjektleiing.

Responsibilities

  • Ha eit heilskapleg leiaransvar innan teknisk, plan og miljø.
  • Bidra til utvikling av Årdal vidare som berekraftig og framtidsretta kommune.
  • Leie og koordinere investeringar, planarbeid, byggesak, drift og vedlikehald.
  • Påverke retning og resultat gjennom samarbeid mellom politikk, forvaltning og samfunnsutvikling.

Skills

Ledelse
Strategisk tenkning
Økonomistyring
Planarbeid
Prosjektledelse
Kommunal forvaltning

Job description

Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø
Vil du vere med og forme framtida i Årdal?

Årdal kommune søkjer no ein engasjert og samlande kommunalsjef for teknisk, plan og miljø til ei 100% fast stilling. Me ser etter deg som er ein trygg og strategisk leiar – ein som ynskjer å bidra til utvikling, skape gode løysingar og byggje sterke fagmiljø i lag med dyktige medarbeidarar.

Ei nøkkelrolle i ei berekraftig utvikling

I denne rolla blir du ein sentral del av kommunen si leiargruppe, tett på både strategi og gjennomføring. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle Årdal vidare som ein berekraftig og framtidsretta kommune. Rolla gir deg høve til å påverke både retning og resultat, og til å arbeide i skjeringspunktet mellom politikk, forvaltning og samfunnsutvikling.

Du vil få eit heilskapleg leiaransvar med ansvar for økonomi-, personal- og fagleg utvikling innan eit breitt og variert fagområde. Området omfattar mellom anna investeringsprosjekt, planarbeid, byggesak, drift og vedlikehald, samt vatn, avløp, utedrift, brann/beredskap, miljø og folkehelsearbeid. Til saman er det ca 55 tilsette på arbeidsområdet teknisk, plan og miljø.

I stillinga vil du også ha oppfølging av interkommunale samarbeid blant anna på renovasjon. Du vil og bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av sektor- og tenesteområde og bygge relasjon til eksterne aktørar.

Me ser etter deg som har relevant høgare teknisk utdanning og erfaring frå eitt eller fleire av fagområda. Du har leiarerfaring, god forståing for økonomistyring, og erfaring med planarbeid eller prosjektleiing. Kjennskap til kommunal verksemd og relevant lovverk er ein fordel, men viktigast er di evne til å tenkje heilskapleg og skape framdrift.

Som leiar i Årdal kommune er det viktig at du er strukturert, tydeleg og inkluderande. Du trivst med ansvar, er god til å byggje relasjonar og har eit ekte engasjement for både folk og fag. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og evnar å stå støtt i både strategiske og operative utfordringar.

Kvifor velje Årdal kommune?

Årdal kommune er ein nasjonalparkkommune med spektakulære eventyr rett utfor døra. Her bur du tett på fjord og fjell, med eit rikt tilbod innan friluftsliv og aktivitetar gjennom heile året. Om du likar fjellturar, ski, fiske, sykling eller andre utandørs aktivitetar, er moglegheitene mange.

Me er eit lite og inkluderande lokalsamfunn med eit godt kultur- og fritidstilbod, med aktive lag, organisasjonar og idrettsmiljø. Dette gir gode høve til å bli kjend med lokalsamfunnet og finne aktivitetar som passar for både born og vaksne.

Hjå oss får du ei spennande og meiningsfull leiarrolle i ein kommune med store ambisjonar og korte avstandar frå idé til handling. Her får du verkeleg høve til å påverke og sjå resultat av arbeidet ditt.

Løn blir avtalt etter kvalifikasjonar, og me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.

Andre opplysningar:

  • Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering
  • Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Søknadsfrist: 30.11.2026

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.

Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår , Ditt Årdal og Visit Årdal . Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø
Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø

Årdal kommune • Årdalstangen

On-site
NOK 1,000,000 - 1,300,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø
Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø

Årdal kommune Årdal kommune • Årdalstangen

On-site
NOK 700,000 - 1,100,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø
Kommunalsjef for teknisk, plan og miljø

Mette Hestetun Berg • Årdalstangen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Helsefagarbeidar i 100% fast stilling – Grandane bufellesskap
Helsefagarbeidar i 100% fast stilling – Grandane bufellesskap

Årdal kommune Bu og miljøtenesta • Årdalstangen

On-site
NOK 500,000 - 620,000
Fagleg spennande arbeid
Godt arbeidsmiljø
Lang vakter
+2
Fastlege ved Årdal legekontor
Fastlege ved Årdal legekontor

Arbeidsplassen • Årdalstangen

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Pensjonsordning
Hjelp til bustad
Bedriftshytte-utleige
+1
Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta
Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta

Årdal kommune Bu og miljøtenesta • Årdalstangen

On-site
NOK 320,000 - 420,000
God opplæring
Kjørekort klasse B ønskelig
Rådgjevar i Årdal Utvikling
Rådgjevar i Årdal Utvikling

Astrid Øvstetun • Øvre Årdal

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Arbeidsleiar drift og vedlikehald – ei nøkkelrolle i teknisk drift
Arbeidsleiar drift og vedlikehald – ei nøkkelrolle i teknisk drift

Lærdal kommune Tekniske Tenester • Lærdalsøyri

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Gode personforsikringar som ein del av
Fagtlig utvikling og kompetanseheving
+1
Strategisk Leder for Teknisk, Plan og Miljø
Strategisk Leder for Teknisk, Plan og Miljø

Årdal kommune Årdal kommune • Årdalstangen

On-site
NOK 700,000 - 1,100,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsleiar drift og vedlikehald – ei nøkkelrolle i teknisk drift
Arbeidsleiar drift og vedlikehald – ei nøkkelrolle i teknisk drift

Jan Skeistrand • Lærdalsøyri

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Pensjonsordningar gjennom KLP
Personforsikringar
Faglig utvikling
+1
Top locations