Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Årdal Utvikling søker ny rådgjevar til samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Engasjementet varer i to år med moglegheit for forlenging/fast stilling, og stillinga er 100% stilt.
Du vil arbeide dagleg med å legge forholda til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv. Vi ser etter deg med utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling og evne til å engasjere næringslivet lokalt og regionalt.
Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland?
Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med på samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Stillinga er eit engasjement på to år i ei 100% stilling.
Me ser etter deg som har har interesse for samfunn- og næringsutvikling. Om nokre av punkta me ser etter nedanfor høyres midt i blinken ut for deg, ynskjer me veldig gjerne å høyre frå deg.
Me jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.
Me søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:
Engasjementet varar i to år, med moglegheit for forlenging/fast stilling.
Du får arbeide med interessante, spennande og allsidige oppgåver.
Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordninger og ordna arbeidsforhold.
Me har kontor i Årdal Teknologi- og Næringspark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid.
Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal -- midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo.