Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Luster kommune søker ein rådgivar som vil forbetre bruken av digitale verktøy og system i kommunen. Du blir ein nøkkelpartnar for tilsette på tvers av eineiningar og skal bidra til at teknologien fungerer i praksis, støttar arbeidsprosessane og løyser verkelege behov.
Jobben blandar systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing, der du ikkje berre følgjer opp noverande system, men og ser etter betre løysingar og hjelp til å ta dei i bruk.
Vil du gjere digitale løysingar enklare og arbeidskvardagen betre for dei tilsette i kommunen?
Me søkjer ein rådgjevar i 100% fast stilling som vil bidra til å utvikle og forbetre måten kommunen nyttar digitale verktøy og system på. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for tilsette på tvers av einingar og skal bidra til at teknologien fungerer godt i praksis, støttar arbeidsprosessane og løyser reelle behov.
I denne stillinga får du kombinere systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing. Du skal ikkje berre følgje opp systema me har, men òg sjå moglegheiter for forbetring, finne gode løysingar og hjelpe andre med å ta dei i bruk.
Me ser etter deg som forstår samspelet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi – og som ønskjer å bruke denne forståinga til å skape konkrete forbetringar.
Kommunikasjon og IKT vart oppretta i 2022 og har seks tilsette. Avdelinga arbeider med intern og ekstern kommunikasjon, systemforvaltning, digitalisering, utvikling, brukarstøtte og opplæring. Me samarbeider tett med einingane i kommunen for å forstå behova deira og utvikle løysingar som fungerer i kvardagen. Hos oss får du ei variert rolle med høve til å påverke korleis kommunen arbeider med digitale løysingar, og til å følgje utviklingsarbeidet frå behov til praktisk bruk.
Du skal bidra til at kommunen sine digitale løysingar fungerer godt, blir brukte på ein god måte og blir vidareutvikla i takt med behova i organisasjonen.
For å lukkast i rolla må du vere oppteken av å forstå behova til andre og finne løysingar som fungerer i praksis. Du må også evne å ha eit overordna blikk over systemlandskapet, like å dele kunnskap og tileigne deg ny kunnskap.