Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Mona Jacobsen i kommunen søkjer ein rådgjevar i 100% fast stilling som vil bidra til å utvikle og forbetre måten dei tilsette nyttar digitale verktøy og system på.
Du blir ein viktig samarbeidspartnar for tilsette på tvers av einingar og skal kombinere systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing.
Me ynskjer ei løysing som får medarbeidarane til å bruke teknologien i kvardagen, og du vil sjå moglegheiter for forbetring og betre arbeidsprosessar.
Vil du gjere digitale løysingar enklare og arbeidskvardagen betre for dei tilsette i kommunen?
Me søkjer ein rådgjevar i 100% fast stilling som vil bidra til å utvikle og forbetre måten kommunen nyttar digitale verktøy og system på. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for tilsette på tvers av einingar og skal bidra til at teknologien fungerer godt i praksis, støttar arbeidsprosessane og løyser reelle behov.
I denne stillinga får du kombinere systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing. Du skal ikkje berre følgje opp systema me har, men òg sjå moglegheiter for forbetring, finne gode løysingar og hjelpe andre med å ta dei i bruk.
Me ser etter deg som forstår samspelet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi – og som ønskjer å bruke denne forståinga til å skape konkrete forbetringar.
Kommunikasjon og IKT vart oppretta i 2022 og har seks tilsette. Avdelinga arbeider med intern og ekstern kommunikasjon, systemforvaltning, digitalisering, utvikling, brukarstøtte og opplæring.Me samarbeider tett med einingane i kommunen for å forstå behova deira og utvikle løysingar som fungerer i kvardagen.Hos oss får du ei variert rolle med høve til å påverke korleis kommunen arbeider med digitale løysingar, og til å følgje utviklingsarbeidet frå behov til praktisk bruk.
Du skal bidra til at kommunen sine digitale løysingar fungerer godt, blir brukte på ein god måte og blir vidareutvikla i takt med behova i organisasjonen.
Dette inneber mellom anna å:
Me ser etter deg som har:
For å lukkast i rolla må du vere oppteken av å forstå behova til andre og finne løysingar som fungerer i praksis. Du må også evne å ha eit overordna blikk over systemlandskapet, like å dele kunnskap og tileigne deg ny kunnskap.
Me trur du:
Hos oss får du ei rolle der du kan kombinere teknologisk forståing med samarbeid og utvikling. Me ønskjer oss ein kollega som ser moglegheiter, skaper gode relasjonar og vil gjere digitale løysingar til ein naturleg og nyttig del av arbeidskvardagen.