Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna HF søkjer psykologspesialist til døgnpost i Haugesund. Stillinga er 100% og inneber dybdearbeid med barn/unge i krevjande livssituasjonar.
Du blir ein del av eit tverrfagleg team og vil inngå i faggruppa psykologar ved BUP Haugesund og heile regionen. Søkinga krev norsk autorisasjon som psykolog med spesialistgodkjenning, gjerne innan barne- og ungdomspsykologi.
BUP Haugesund har ein 100 % ledig stilling som psykologspesialist ved døgnposten.Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
Denne stillinga er for deg som ønskjer å arbeide tett på barn, unge og familiar når dei treng det som mest Her på BUP døgnpost møter du menneske i krevjande livssituasjonar. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer med totalt 10 senger: Post Nord for barn fra 6 til 13 år og Post Sør for ungdom fra 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming.
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett.
Som psykolog vil du inngå i eit team saman med behandlarane på post, som omfattar psykologar, overlegar og LIS 3-legar.Psykologane og psykologspesialistane frå døgnposten inngår også i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhøyrandemøter, samlingar, fagutvikling og meir.Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling.
*Søkjarar utan spesialisering kan òg vurderast, men vil då berre vere aktuelle for vikariat
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt.
Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen.
Hos oss får du:
Litt om oss:
Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Hos oss finn du poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpost har akuttfunksjonar og dekkjer heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.
Marit Elise Lier,Funksjonsleiar,52732850
Georg Walter Reinhardt,Avdelingsleiar,52732850
Gabrielle Leah Dickson,Konsulent,52732850,gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Lene Elisabeth Nordtveit,Sekretær,52732850,lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Vinjes gate 10
5522HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5204082360
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026